Med Rogalandscup-exiten frå i fjor friskt i minne, var Rosseland skikkeleg på frå start mot Bogafjell laurdag. Dei oransje sette høgt tempo, var gode i pasningsspelet og tok føre seg i duellane. Angrepsrekka leverte varene føre mål. Albert Braut Tjåland ordna 0-1 etter fem minutt, spissmakker Geir Dahle Høyland dobla leiinga to minutt seinare. Det stod 0-3 etter ny Braut Tjåland-scoring 12 minutt ut i kampen. Bogafjell ga på ingen måte opp og spelte seg gradvis inn i kampen igjen. Rosseland tok foten av gasspedalen og slapp kvittrøyene til ved eit par høve. Rett på pause fekk dei par hundre frammøtte noko å juble for då Pelle Høie-Holgersen avslutta eit flott Bogafjell-angrep i mål. Gleden varte berre eit minutt. Høgrekant Ola Mæland fekk ein flott ball i bakrom og var iskald åleine med Smalås i Bogafjell-målet. 1-4 til pause var greit ut i frå spel og sjansar. Det skjedde ikkje alt for mykje i starten av andre omgang. Albert Braut Tjåland vart ikkje tremålsskorar då han bomma målet på straffespark etter at han sjølv blei lagt i bakken. Bogafjell hadde ballen meir utover i omgangen og Jonas Duff Gausdal si 2-4-skoring ga eit glimt av håp. Det sørga Ola Mæland for å sløkka minuttet seinare. 2-5 og game over ti minutt før full tid. Ola Mæland kunne og burde sett 2-6 like etter, men avslutninga åleine med keeper gjekk på mystisk vis ikkje i mål. I staden kunne innbyttar Kristen Reime fastsette sluttresultat til 2-6, denne gong med Mæland som servitør. |