Det var ikkje sÄ lett Ä spele god fotball i vinden pÄ Rosselandsbanen torsdag. Den fÞrste seriekampen pÄ eige kunstgras var prega av lÄgt tempo og unÞyaktig pasningsspel. Gjestene frÄ Forus lÄg bakpÄ og hadde dessutan ein levande vegg i mÄl. Daniel Gjesteland, som bur pÄ Bryne og trener med Rosseland pÄ fast basis, heldt kvittrÞyene frÄ Stavanger inne i kampen.
Men etter 34 minutt sprakk nullen. Formspelar Geir Dahle HÞyland raga hÞgast og heada kontant ein corner frÄ Truls Vagle i mÄl. 1-0!
Forus og Gausel var ikkje ufarlege. Eit par minutt fÞr pause drog midtspiss Mohamud seg forbi Jarle Madland, men Rosseland slapp med skrekken dÄ avslutninga gjekk stolpe ut. Rosseland hadde vinden meir i mot i andre omgang, og fekk med det betre kontroll pÄ pasningsspelet. Dei oransje skapte mykje trÞbbel for FGI, og Super-Geir var pÄ rett plass til rett tid dÄ han auka til 2-0 pÄ ein retur midtvegs i omgangen.
Heimelaget pressa pÄ for Ä punktere kampen, men 3-0 let vente pÄ seg. Ola MÊland sprang i frÄ forsvaret og tok ei lynkjapp 1-2-finte pÄ Gjesteland fÞr han trilla ballen i tomt bur. 3-0 var ikkje eit mÄl for lite ut i frÄ spel og sjansar, men Rosseland har spelt langt betre kampar denne sesongen. Ny clean sheet og 7-0 i mÄlforskjell ser bra ut etter to tÞffe kamper. Neste runde blir endÄ tÞffare borte mot formlaget FrÞyland pÄ gras.
Alexander Skachok, som blir 18 Är mÄndag, kom inn til Rosseland-debut eit par minutt fÞr full tid. |