Årets to første baklengs i løpet av eit par minutter var uvant kost for dei oransje. Heimelaget var effektive og utnytta passivt forsvarspel, og la seg lågt etter å ha teke leiinga. Veldig lågt. Rosseland trilla mykje ball, og spelte seg etterkvart til store målsjansar. Skoringane uteblei, men etter 26 minutt sprakk nullen for heimelaget. Formspelar Geir Dahle Høyland steig til vers og forlenga eit presist frispark frå Truls Vagle. 1-2. Same oppskrift første til balanse i rekneskapen. Perfekt frispark frå servitør Vagle, Ola Mæland sette ballen i mål til 2-2.
Uavgjort til pause ga ikkje eit rett bilete av dominansen og banespelet, Rosseland burde ha vore føre og kampen burde vore avgjort.
12 minutt ut i den andreomgangen kom den fortente skoringa. For tredje gong serverte Truls Vagle ballen føre mål. Vetle Hovland stanga inn corneret og 2-3.
Då Rosseland tok leiinga skjedde det noko med kampen. Heimelaget slapp seg meir laus framover, stod høgare og stressa Rosseland. Gjestene fekk ikkje til kombinasjonspelet og var utålmodige i angrepsspelet. Dei store sjansane uteblei, men Frøyland hadde ei avslutning i stolpen.
Rosseland hadde sterkare benk enn heimelaget. Sju av åtte innbyttarar kom inn med ny energi og var med på å dra i land sigeren. Albert Braut Tjåland skora frå straffemerket og fastsette sluttresultatet til 2-4. |