Heimelaget opna friskast på Husabø. Etter 12 minutt smalt det i stolpen bak Steffen Bolme, men forsøket frå Oliver Noreng ga ikkje tellande resultat. Heller ikkje då ein misforståelse og farleg tversoverpasning vart snappa opp, makta heimelaget å straffa Rosseland. I staden vart dei sjølv straffa. Albert Braut Tjåland drog seg fri, men ein EIK-stoppar prøvde å stoppa han inne i straffefeltet. Truls Sælevik Vagle var iskald frå straffemerket - 0-1! Rett før pause dobla Braut Tjåland leiinga på eit lekkert langskot. Spissen drog seg fri og skrudde ballen i lengste hjørnet for Denis Nadarevic i EIK-målet. 0-2 til pause var godt betalt ut i frå spel og sjansar.
I andre omgang hadde Rosseland meir kontroll på kampen. Laget hadde meir ball, og slapp ikkje gjestene til mykje. Då Ola Mæland auka til 0-3 etter ei feilvurdering av EIKs reservekeeper, var kampen avgjort og spenninga punktert. Dette var Ola Mælands femte skoring på Husabø i år, 25-åringen skora fire her mot Flekkefjord i vinter. Siste delen av oppgjeret handla om å halde nullen for RBK-forsvaret og keeper Steffen Bolme, det gjekk godt. Rosseland står med 24 skoringer og berre tre innslupne på dei første fem kampane. |