Rosseland reiste seg etter cup-exiten på Klepp stadion og starta seriehausten på best mogleg måte. Det unge Bryne 2-laget valde å spele seg ut av eige forsvar mot eit revansjesugent Rosseland-lag og vart straffa. Heimelaget pressa høgt, vann ball og kom til gode sjansar og vann cornere i starten.
20 min: Jarle Madland ordna 1-0 på lekkert vis då han fekk tid til å sikta på langhjørnet etter ein corner.
24 min: Geir Høyland la på til 2-0 like etter, han stod igjen høgt og utnytta passivt forsvarsspel hjå gjestene.
30 min: Sondre Hovland fiksa 3-0 på lekkert vis, etter veggspel på høgrekanten.
40 min: Heimelaget tok foten litt av gassen, og bomgirte litt då David Motland ordna redusering etter ein feilpasning.
45 min: Ola Mæland sette inn 4-1 rett før pause og krona ein solid førsteomgang for dei oransje.
Andre omgang vart aldri veldig spanande, men nokre høgdepunkt var det. I tillegg til ei grågås som landa på banen, varta heimelaget opp med eit par verkeleg flotte angrep.
68 min: Kaptein Peter Aarrestad Time nikka inn 5-1 på corner frå innbyttar Noa Oftedals presise fot.
81 min: Ola Mæland vart tomålsscorer då han knalla inn 6-1 etter flott forarbeid av Alexander Skachok.
Rosseland vant svært fortent og fekk og fordelt speletid og kvilt spelarar før cupkampen onsdag. Det blir spanande å sjå kva lag Bryne sitt A-lag stiller frå start i ein travel serieperiode, Rosseland kan forhåpentlegvis gje førstedivisjonslaget betre kamp enn kva brynereservane ga Rosseland.
Ola Mæland, lagets toppskorar i serien (11 mål), vart kåra til dagens Rosseland-spelar på ein dag der mange var gode. Robert Undheim spelte ein svært god time, berre ein vaken brynekeeper hindra Undheim frå å bli tomålsskorar mot gamleklubben. Jarle Madland, Vetle Hovland og Sondre Hovland var tilbake og bidrog med fart og duellspel som mangla litt mot Klepp. |