Endre:  Gå til:
23.09.2000 kl 17:00 Klepp stadion Publikumstall: 116
Klepp IL
1 - 1
Rosseland BK
Dommer: Kjetil Torland Seriekamp-

Målscorer
Pål Horpestad (52) Rune Båtsvik (49)
Startellever
Tore Lid
Jostein Bruntveit
Trond Karlson
Egil Lyse
Gunnar Hagen
Tore Bjerk
Cato Horpestad
Steffen Horpestad
Jarle Hadland
Bjarte Brunes
Roald Salte
Tor Rune Ree
Torfinn Johansen
Sjur Stangeland
Ole Petter Malmin
Morten Andersen
Arild Heskje
Trond K. Tveit
Morten Sørensen
Jan Helge Austli
Lasse Johannesen
Rune Båtsvik
Innbyttere
Georg Kyllingstad
Pål Horpestad
Svein Georg Sangholt
Jo Laland
Bytter
Ingen Jo Laland -> Rune Båtsvik (65)
Svein Georg Sangholt -> Jan Helge Austli (84)
Gule kort
Gunnar Hagen Torfinn Johansen
Morten Sørensen
Røde kort
Ingen Torfinn Johansen
Kamprapport
Alt låg til rette for at Klepp skulle klatre til topps på tabellen i siste kamp. «Hjelp» frå Bryne 2, heimekamp mot svakt plassert motstandar i tillegg til ein andreomgang mot 10 mann og med kuling i ryggen.
Likevel greidde ikkje Klepp jobben sin, og laget skusla igjen bort opprykksjansane i siste runde.
- Ein skuffande dårleg kamp av oss, kommenterte Klepp-trenar Livar Eide. - Vi hadde god kontroll i
forsvaret, men framover på banen var det fleire sentrale spelarar som melde seg heilt ut. Denne gongen
var vi rett og slett ikkje gode nok, sa Eide, som gjerne skulle sett laget sitt i kvalifisering.
- Så svake som i dag er vi vanlegvis ikkje, og det kunne vore interessant å måle krefter med lag frå
divisjonen overfor. Men det ser ut til å bli ein vane å svikte når det gjeld som mest, oppsummerte ein
«nedrolde» Klepp-trenar.
At heimelaget absolutt burde vunne kampen etter spel og sjansar, er fattig trøyst. Tilmed i motvinden før
pause var Klepp det førande laget. Midt i omgangen var ballen på veg inn i mål etter at eit skot frå Steffen
Horpestad stussa eit RBK-bein, men Tor Rune Ree avverga med eit akrobatisk sprang.
Også ved eit par andre høve var Klepp farleg frampå, mens Rosseland skapte fint lite.
Kort ut i andre omgang vart Torfinn Johansen utvist etter to gule kort, og alle rekna med at grøntrøyene
skulle ro dette i land. Derfor vart det ein skikkeleg isdusj då Rosseland fekk mål like etter. Lid/Hagen hadde
problem med arbeidsfordelinga i Klepp-forsvaret, og dermed var det fritt fram for Rune Bådsvik.
Klepp utlikna kort etter då Pål Horpestad ekspederte eit innlegg frå høgre kontant i mål. Meir nettsus vart
det altså ikkje, sjølv om heimelaget pressa på det meste av tida. Nærast var Georg Kyllingstad då han sette
ballen over frå kort hald like før slutt.
Kanskje ville det vore ein ide å skyte litt oftare frå lenger hald i den kraftige vinden?
Det får vi aldri svar på. Heller ikkje på om Klepp hadde greidd å halde på tabelltoppen dersom fotballkretsen
ikkje hadde «stole» tre poeng...

Poeng Klepp:
Trond Karlson 3
Jostein Bruntveit 2
Roald Salte 1

Poeng Rosseland:
Tor Rune Ree 3
Sjur Stangeland 2
Arild Heskje 1
Statistikk Rosseland Ballklubb A-lag 1980-2024