Endre:  Gå til:
19.06.2014 kl 19:30 Rosselandsbanen Publikumstall: 30
Rosseland BK 1 - 2 Moi IL
Dommer: Espen Skretting Seriekamp-

Målscorer
Even Sel (39)
Joakim Ødegård (70)
Kristian Holte (80)
Startellever
Kristian Monsen
Jan Rune Hoff
Eirik Monsen
Even Sel
Per Haugland
Anders Hognestad
Paul Ove Laland
Kristian Heimdal Magnusson
Are Gabriel Høyland
Runar Haugland
Marius Bøe
23 Adrian Solli
12 Alexander Eike Østrem
9 Anders Haukland
13 Daniel Åvedal
21 Erik Moen
5 Erling Skåland
8 Joakim Ødegård
17 Jone Haukland
16 Kjell Ivar Hellesmark
10 Kristian Holte
7 Kristian Hafstad
Innbyttere
Leif Arne Hognestad
Morten Reve
Svein Arne Monsen
Trond K. Tveit
Kristian Wickstrøm
11 Markus Hove
18 Milivoje Milicevic
6 Rudi Hove
15 Runar Haukland
3 Stener Kjørberg
14 Tønnes Surdal
19 Morten Gursli
Bytter
Svein Arne Monsen -> Marius Bøe (32)
Trond K. Tveit -> Jan Rune Hoff (70)
Leif Arne Hognestad -> Eirik Monsen (85)
Ingen
Gule kort
Eirik Monsen (80)
Erling Skåland
Røde kort
Ingen. Ingen
Kamprapport
Medan Moi mønstra mann og mus, raska Rosseland saman ringrevar og reservar då laga møttest til siste kamp før ferien. Even Sel fekk jobben med å styre midtbanen i kaptein Sindre Meling, Eirik Serigstad og ein småskada Svein Arne Monsen sitt fravær, kapteinvikaren gjorde sakene sine bra i motvinden på Rosseland.
Moi var gode frå start og skapte 3-4 verkeleg gode sjansar før pause. Rosseland kom betre med mot slutten av omgangen. Sjølv om det ikkje var direkte ufortjent, var det litt i mot spelets gang då Rosseland tok leiinga. Eit godt slått frispark havna, etter litt fram og tilbake og ein retur frå tverrlegger, hjå Even Sel. Frå fem-seks meter sette han ballen kontant i mål.
Minuttet før pause hadde Rosseland ein gedigen sjanse til å dobla leiinga, også det etter eit frispark. Are Gabriel Høyland sette ballen i tverrlegger og Anders Hognestad greide ikkje å skalla returen i tomt mål frå fire-fem meter.
Rosseland forsvarte seg godt etter pause, men Moi var gode, hadde mykje fart og mange friske bein. Etter 69. spelte minutt måtte Jan Rune Hoff gje seg med krampe, Moi utnytta overtalet og utligna ved Joakim Ødegård.
Moi fortsette å presse for sigersmålet, men og Rosseland hadde to farlige sjansar då dei kom rundt på sidene. Etter 76 og 78 minutt stod Rosseland-spelerane i kø for å setja Runar Haugland og Kristian Magnusson sine gode innlegg i tomt mål, men vinden, konsentrasjonssvikt og manglande presisjon ville det anleis.
I staden utnytta Moi svakt forsvarsspel og klareringsvegring. 1-2 etter 80 minutt. Tre minutt før full tid kunne Even Sel ha redda eit poeng. Eit godt slått frispark frå 19 meter smalt i tverrlegger og ned på målstreken, mål vart ikkje dømt, og dermed endte vårsesongen med eit litt surt heimetap.
Statistikk Rosseland Ballklubb A-lag 1980-2024