Endre:  Gå til:
14.08.2014 kl 19:40 Rosselandsbanen Publikumstall: 75
Rosseland BK
3 - 2
Vigrestad
Dommer: Vidar Sævereid Seriekamp-

Målscorer
Svein Arne Monsen (48)
Marius Bøe (62)
Svein Arne Monsen (86)
Bjarne Mæland jr. (8)
Kristian Lindås Jørgensen (63)
Startellever
Kristian Monsen
Jan Rune Hoff
Joel Bengo
Even Sel
Svein Arne Monsen
Per Haugland
Anders Hognestad
Eirik Serigstad
Paul Ove Laland
Kristian Heimdal Magnusson
Marius Bøe
Arve Hølland
Stein Tore Aarsland
Magnus Ueland
Sjur Morten Apneseth
Eigil Siqveland
Jan Ove Hobberstad
Trond Atle Sandve
Anders Mæland
Bjarne Mæland jr.
Erik Jonas Aarsland
Ole Kristian Handeland
Innbyttere
Morten Reve
Francisco Andre Horta De Albuquerque De Moura Relvas
Trond K. Tveit
Kristian Wickstrøm
Marius Hegelstad
Kristian Lindås Jørgensen
Bytter
Trond K. Tveit -> Jan Rune Hoff (66)
Francisco Andre Horta De Albuquerque De Moura Relvas -> Even Sel (74)
Kristian Wickstrøm -> Anders Hognestad (76)
Kristian Lindås Jørgensen fra 57.
Marius Hegelstad fra 75.
Gule kort
Eirik Serigstad (83)
Stein Tore Aarsland (84)
Eigil Siqveland (90)
Røde kort
Ingen. Ingen
Kamprapport
Den første kampen etter ein lang fotballpause kom tidleg både for Rosseland, Vigrestad og arrangørklubben. Etter ei kort forseinking grunna garderobekluss, var det to nervøse lag som forsøkte å trilla ball i starten av kampen. Kvaliteten var av ymse slag, men Vigrestad si kontring etter åtte minutt var det lite å seie på. Ole Kristian Handeland fekk ballen i bakrom, fekk god plass til å leggja inn, og Bjarne Mæland jr. kunne nærmast spasera inn 1-0 til gjestene.
Kampen opna seg meir etter scoringa og begge lag skapte sjansar. Vigrestad hadde to farlege cornere, medan Rosseland spelte seg til enorme scoringsmoglegheiter. Svein Arne Monsen sette ballen utføre frå 10 meter etter flott angrepspel, Kristian H. Magnusson heade utanfor frå fem meter. Ti minutt før pause redda Magnus Ueland på målsterken etter at keeperen var utspelt.
På overtid kom omsider utlikninga då Magnusson slo keeper Hølland i ein duell og heada ballen i tomt mål, men dommer Sævereid annulerte på mistanke om at noko uregelmentert hadde skjedd.
Rosseland fekk omsider godkjent ei scoring, men måtte vente til andre omgang. Marius Bøe gjorde forarbeidet og Svein Arne Monsen skapte balanse tre minutt etter sidebyttet.
Heimelaget var klart best etter utlikninga og hadde fleire sjanser til å ta leiinga. Magnusson heada i tverrlegger eit kvarter ut i omgangen, men Marius Bøe var ikkje klar på returen. Det var han to minutt seinare då han kjempa seg forbi to Vigrestad-forsvararar og klemte inn 2-1 frå 6-7 meter.
Den fortente leiinga heldt berre eit minutt. Kristian L. Jørgensen fekk det uvanleg lett då RBK-forsvaret stod paralysert og såg på at innbyttaren fekk spasera inn 2-2.
Heimelaget merka at det var lenge sidan sist kamp, og to mann i forsvaret måtte kasta inn handkledet med skade. Vigrestad byrja yppa seg, var farlege på kontringar, men kom ikkje til dei heilt store målsjansane. Rosselandspelarane verka slitne, men banens beste nytta høve fem minutt før fulltid. Svein Arne Monsen vart lagt i bakken og tok sjølv frisparket frå 25 meter. Ein knallhard suser oppe i krysset vart avgjerande for kampen, 3-2.
Vigrestad la fleire spelarar på topp i håp om poeng, dette ga enorme rom framover for heimelaget. Trond Tveit serverte Marius Bøe både ein og to gonger, men spissen hadde brukt opp kruttet og sette ballen utanfor åleine med keeper to gonger i løpet av eit minutt.
Statistikk Rosseland Ballklubb A-lag 1980-2024