Endre:  Gå til:
28.05.2015 kl 19:00 Rosselandsbanen Publikumstall: 50
Rosseland BK
6 - 0
Figgjo IL
Dommer: Svein Storedale Seriekamp-

Målscorer
Sindre Meling (4)
(sm) (19)
Kristian Heimdal Magnusson (38)
Svein Arne Monsen (70)
Marius Bøe (79)
Svein Arne Monsen (90)
Ingen
Startellever
Joachim Malmin Kverneland
Jan Rune Hoff
Marcus Vaaland Sikveland
Sindre Meling
Ola Selliken
Svein Arne Monsen
Per Haugland
Paul Ove Laland
Kristian Heimdal Magnusson
Runar Haugland
Kai Ove Stokkeland
1 Jone Bråstein
3 Oddbjørn Helgeland
4 Christer Oftedal
5 Erlend Hovin Thorsen
19 Robert Tveit
7 Thomas Tveit
9 Jarand Bråstein
16 Christer Andre Reinertsen
24 Lasse Dørheim
11 Dan Føreland
23 Runar Valestrand Flåten
Innbyttere
Anders Hognestad
Are Gabriel Høyland
Kristian Wickstrøm
Marius Bøe
14 Ole Kjartan Bråstein
17 Torger Hetland
Bytter
Marius Bøe -> Kristian Heimdal Magnusson (60)
Anders Hognestad -> Kai Ove Stokkeland (67)
Are Gabriel Høyland -> Runar Haugland (74)
Kristian Wickstrøm -> Paul Ove Laland (74)
Ingen
Gule kort
Ingen. Christer Andre Reinertsen
Robert Tveit
Røde kort
Ingen. Ingen
Kamprapport
Etter ein periode med marginar i mot og poengtap på slutten, trilla ballen Rosseland sin veg mot Figgjo torsdag. Allereie etter fire minutt fekk Sindre Meling stå heilt åleine og breiside inn 1-0 etter corner frå Ola Selliken.

Endå lettare vart det då Figgjo-keeperen bomma på eit tilbakespel eit kvarter seinare. Tilbakespelet frå Christer Reinertsen hoppa over foten til sisteskansen og inn i eige mål.

Heimelaget skapte mange sjanser før pause, og det skulle bli 3-0 før dommaren bles til pause. Kristian H. Magnusson dribla av tre-fire mann og curla ballen rundt Figgjo-keeperen og inn i hjørnet frå 20 meter.

Andre omgang vart ikkje like velspelt, det skulle gå ein halv omgang før det kom fleire mål. Igjen hadde Rosseland marginane på si side då ballen skifta retning i ein Figgjo-spelar etter eit frispark frå Svein Arne Monsen.

Bortelaget gav meir eller mindre opp etter dette, og eit Rosseland utan heimesigrar fekk boltra seg det siste kvarteret.
Innbyttar Marius Bøe fekk to sjansar då han auka til 5-0, medan Svein Arne Monsen krona ein god kamp med perlescoring like før full tid. Eit flott innlegg frå Kristian Wickstrøm vart stupheada i mål frå 10 meter, 6-0!
Statistikk Rosseland Ballklubb A-lag 1980-2024