Rosseland var eit stykke frå å vera påskrudde då serien starta borte mot eit ungt Skjold-lag laurdag. Rosseland var baktunge og sleit med å etablera angrepspel, men hadde to gode sjansar etter corner. Eirik Monsen sin hælflikk i tverrlegger var det nærmaste laget kom scoring før heimelaget sette inn 2-0. Endeleg vakna Rosseland, og då Kai-Ove Stokkeland reduserte fem minutter seinare var det gjestene som styrte spel og sjansar. Ein småskada, men tent Sam Danby kom inn etter pause og bidrog med energi og fart i angrepsspelet. Svein Arne Monsen kom meir til sin rett bak engelskmannen, saman skapte dei fleire sjansar. Rosseland jaga utlikning og gjorde fleire bytter. Strukturen vart ofra då laget gjekk over til 3-4-3 dei siste ti minutta, Skjold fekk store rom å kontra i. I staden for 2-2 kontra Skjold inn 3-1 og avgjorde kampen rett før full tid. Sam Danby reduserte to minutt inn i tilleggstida, men fekk sitt andre gule kort då han henta ballen i målet. Denne nye NFF-regelen var han ikkje kjend med, og han får dermed ikkje spele når Bogafjell kjem på besøk torsdag.
http://live.h-avis.no/fotball/live/#/match/672604/1231988 http://www.fotball.no/fotballdata/Kampfakta/?matchId=6379984 |