Rosseland måtte slå Skjold for å ta ferie blant topp fem, men gjestene frå Tysvær selde seg dyrt. Heimelaget stanga mot ein godt organisert forsvarsmur og sleit med å skapa overtal og sjansar.
Skjold var og ganske tannlause framover, men då Eirik Monsen sklei som siste mann på det våte føret rett før pause, fekk gjestene sjansen dei trengde, og avslutta med ein iskald lobb over Rosselands målvakt.
Heimelaget var best etter pause, men skapte for lite til å ta poeng i denne viktige kampen. Dermed er det ei lita luke opp til dei fem laga som beheld plassen i divisjonen. |