Svein Arne, Kenneth, Eirik og Kristian Monsen spelte alle i frå start (på same lag for alle første gong) då Rosseland tok i mot Austrått til treningskamp fredag. Tidlegare RBK-ving Kenneth Grøtteland sendte gjestene i leiinga etter 11 minutt då han sprang frå RBK-forsvaret og tuppa inn 0-1. Dette såg ut til å bli sluttresultatet i ein svært sjansefattig kamp, men ei sein utligning sørga for 1-1. Ola Selliken lada børsa og fyrte inn eit frispark i krysset frå omlag 25 meter. Kampens høgdepunkt. Tommy Eide Møster spelte andre omgang for Rosseland og stengde godt igjen som midtstoppar ved sida av Marcus Sikveland. |