Rosseland gjorde det vanskeleg for seg sjølv med tidleg, billig baklengsmål, men var best mot Havørn og kom sterkt utover i kampen. Laget hadde mykje sjansar, men det tok over ein time før uttellinga kom. Dardan Shabi omsette Runar Hauglands flotte innlegg før Even Sel sitt nydelege soloraid og cornerheading ordna årets første bortesiger. Havørn fekk eit straffe på slutten og pressa på for ufortjent utlikning, Rosseland heldt unna og tek ferie på sjetteplass med 19 poeng etter halvspelt serie. |