Hana trykte Rosseland tilbake i førsteomgang og kom til fleire gode sjanser. Milesevic heldt heimelaget inne i kampen, men ein forsvarstabbe øydela «smultringen» fem minutt før pause. Hana la seg bakpå etter kvilen og det var Rosseland som styrde og jaga utlikning då gjestene, mot spelets gang, kontra inn 0-2 og 0-3. Eit trøystemål av Peter Aarrestad Time på overtid hjalp lite, nå må truleg dei oransje vinna dei to siste kampane for å overleva i divisjonen. |