Vinden var så sterk at målet velta og bles vekk tidleg i kampen. Værforholda prega oppgjeret og Eik køyrde kampen i medvinden før pause. Ei viktig redusering rett før pause ga Rosseland håp og i medvinden i andre omgang var gjestene det førande laget. Den viktige utlikninga og det eine poenget gjer at Rosseland truleg reddar plassen med siger i siste kamp, men med litt meir marginar kunne Rosseland fort ha teke alle poenga i vinden på Husabø. |